Eitt av dei fyrste autoriserte nasjonalparksentra i Noreg
Norsk Fjellmuseum var eitt av dei fyrste autoriserte nasjonalparksentra i Noreg. I dag er vi eitt av 15 autoriserte nasjonalparksentre i landet. Klima- og miljøverndepartementet autoriserte Norsk Fjellmuseum som nasjonalparksenter for Jotunheimen nasjonalpark i 1997. I 2009 vart vi autorisert også for Reinheimen nasjonalpark. Vår oppgåve som nasjonalparksenter er å informere om nasjonalparkar, naturvern og om miljøvenleg friluftsliv i landets nasjonalparkar.
Miljøforvaltinga sin visjon er at nasjonalparksenteret skal vera ei ope dør til natur og naturopplevingar. I vår tid søkjer menneske fyrst og fremst til fjella for å oppleve ro og meistre utfordringar, og dette vil vi bidra til.
Miljøforvaltninga ønskjer å bruke nasjonalparksenteret strategisk som ein formidlingskanal til ei breitt samansett målgruppe. Nasjonalparksenteret skal dekke tema som nasjonalparkar, naturvern og friluftsliv, og på den måten auke forståinga for vern samt friluftsliv- og miljøpolitikk.
Samarbeidspartnarar
Senteret skal informere om nasjonalparkar og naturvern
I dette ligg det å:
- skape forståing for vern av sårbare naturtyper og artar og verdien av store samanhengane naturområde,
- medvirke til at bruken av nasjonalparker og øvrige verneområde ikkje kjem i konflikt med verneføremålet, og
- bidra til at reiselivsutvikling i og i tilknyting til nasjonalparken skjer på naturen og friluftslivet sine premiss og i tråd med verneføremålet.
- Fokus skal vera nasjonalparkane som senteret gjennom autorisasjonen er gjeve eitt ei særskild formidlingsoppgave for, men informasjon om nasjonalparkane i Noreg og vern generelt må også vera ein integrert del. Miljødirektoratet vil bistå med materiell til den generelle delen.
Senteret skal informere om og aktivisere til miljøvenleg friluftsliv
I dette ligg det å:
- inspirere til å ta naturen i bruk til miljøvenleg friluftsliv, og
- bidra til sikker og trygg ferdsel i naturen.
- Senteret skal bidra til å inspirere og stimulere til friluftsliv, via senteret sine utstillingar og gjerne gjennom aktivitetar og rettleiing.
Senteret skal drive formidling for miljøforvaltinga
I dette ligg det å:
- skape begeistring og ansvarskjensle for naturen og
- skape forståing for samanhengen mellom menneske, natur og landskap.