Frose i tid
Velkommen inn i Noreg si største utstilling av funn frå isen i den norske fjellheimen. I Jotunheimen og områda kring Lom, smelter det fram tusen år gamle skattar når snøfonnene trekkjer seg attende. Noreg sin eldste sko, ein 500 år gamal hund, eit forhistorisk skipar og ein vott frå vikingtida er alle funne i fjella her og utstilt på Norsk fjellsenter i lag med andre verdskjende fonnefunn.
Du kan og sjå kva som blei funne i fjellvikingen sin grav, nyte fire årstider i fjellheimen på storskjerm, helse på to fullskala mammutar, sniffe inn lukta av sure sokkar i ei mini turistforeiningshytte, sjå på leirplassen til “Tre i Norge ved to av dem” og lære deg å nytte kart og kompass.
Barn kan prøve seg i rebusløype inne i utstillinga og i naturstien Rådyrtrakket ute i skogen bak senteret.
KLIMAROMMET
Kva hender med naturen i fjella når klimaet endrar seg? Kva er forskjellen på klima og vêr? Korleis har temperaturen i Noreg endra seg dei siste 10 000 åra? I Klimarommet skal både liten og stor kunne leike seg til betre kjennskap til vêr, natur og klimaendringar. I vêrrommet kan du få tåke, lyn og tore rett i fletta. Du kan forme ditt eiga landskap i sand og vatn, bygge fjell og oversvømme dei i sandmodellene. Du kan lære om albedoeffekten med ein landskapsmodell og eit varmekamera, eller studere bæsjen frå ein elg eller rype og ta ein nærare titt på den mystiske gjendefluga.
REINHEIMEN
I andre etasje på Norsk fjellsenter finn du 62 utstoppa fuglar, ein utstoppa rein, elg, gaupe, hare, bever og jerv.
NATUR I ENDRING
Korleis har naturen det? Korleis taklar han klimaendringane? Og oss menneske?
Naturen har alltid vore der for oss. Alt vi treng, kjem frå den. Men både vi og naturen har endra oss. Nå endrast økosystema på nye måtar og raskare enn før. Kor mykje skyldast klimaendringar? Kva skyldast menneska si bruk av areal? Kva kjem som eit resultat av forureining og andre menneskelege inngrep? Og kva gjer vi med det heile?
MUSEUMSBUTIKK
I butikken har vi dei gode turkarta, bøker for store og små, suvenirar, leiker og smykker.
Foto: Cathrine Dokken/Kreativ Strek og Norsk fjellsenter