Gammal historie møter ny teknologi i klasserommet

 
 

Istunnelen på turné med DKS innlandet

Over 2000 ungdomsskuleelevar i Innlandet besøkte i haust istunnelen på Juvflye – frå klasserommet. Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 har reist frå fjell til flatbygd med VR-briller for å fortelje om is som forsvinn og kulturskattar som smeltar fram.

Visste du at halvparten av verdas brearkeologiske funn er gjort i Innlandet? I den litt annleis skuletimen får elevane høyre historia om da Reidar Marstein fann Noregs eldste sko, dei lærer om eldgamle jaktmetodar og ferdelsruter i fjellet. I VR-brillene får dei bli med inn i isen og sjå korleis Juvfonne i Jotunheimen har utvikla seg dei siste tusen åra, og korleis landskapet vil sjå ut i framtida, når all isen er borte.

Barn og unge er ein av dei viktigaste målgruppene til Norsk fjellsenter og Klimapark 2469. Gjennom samarbeidet med Den Kulturelle Skulesekken ved Innlandet Fylkeskommune har vi fått moglegheit til å nå ut til enda fleire. I løpet av fem veker har elevar i Skjåk, Lom, Vågå, Dovre, Lesja, Lesjaskog, Elverum, Våler, Grue og Åsnes fått ein skuletime 1800 meter over havet. Med VR-filmane får elevane vere med inn i eit sårbart naturområde utan å sette spor.

Denne hausten kjem vi kanskje til din skule!

Filming i istunnelen med Edvard Mølmen/Augeblikk studio og Robert Strind/Dalom

Filmen er produsert lokalt av DaLom i samarbeid med Augeblikk Studio ved Edvard Mølmen. Danske Space&Time har laga animasjonane. Trond Morten Veenaasen har skreve dikt til filmane. Dikta er lese inn av Jeaninne Harryson og Erich K. i samarbeid med OnlineVoices som også har laga lydkulissar.

Les meir om prosjektet her: Melting Mountain – Isbreen inn i klasserommet. | DKS Innlandet (denkulturelleskolesekken.no)

Les meir om det brearkeologiske sikringsprogrammet i Innlandet her: Secrets Of The Ice