Sommarjobb ved Norsk fjellsenter og Klimapark 2469
sommaren 2025
Er du glad i naturen, fjella, dei hardføre dyra og plantane som lev der, og nysgjerrig på korleis klimaet påverkar alt? Er du i tillegg nysgjerrig på kulturhistorie og Noreg sine nasjonalparkar? Vi treng deg som kan formidle naturglede og kunnskap både i resepsjonen og utstillingane på Norsk fjellsenter og som naturrettleiar i Klimapark 2469 og istunnelen.
Norsk fjellsenter ligg midt i Lom sentrum og er ein viktig innfallsport til fjella og nasjonalparkane. Sommaren 2024 opnar ny utstilling om arkeologiske funn frå fjella. Klimapark 2469 ligg ved foten av Galdhøpiggen ved Juvasshytta 1800 moh. og er ein unik arena for formidling av klimaendringar, høgfjellsnatur, iskunst og brearkeologi.
Stillingar
Medarbeidararar ved Norsk fjellsenter og i Klimapark 2469 med arbeidsoppgåver innan tur- og nasjonalparkinformasjon, guiding, butikksal og formidling av natur- og kulturhistorie.
Oppgåvene kan variere noko mellom stillingane. Vi er spesielt på utkikk etter folk som kan arbeide i heile juli. Vi treng arbeidshjelp frå juni til oktober.
Vi tilbyr
arbeidsoppgåver innan tur- og nasjonalparkinformasjon, guiding, resepsjons- og butikkarbeid, og formidling av natur- og kulturhistorie på Norsk fjellsenter og i Klimapark 2469 og istunnelen.
eit triveleg og godt arbeidsmiljø
opplæring i forkant av sesongen
bustad i Lia Lom dersom du har behov for det
elbil til og frå Klimapark 2469 og Norsk fjellsenter
Kvalifikasjonar
Du må:
ha interesse for natur og friluftsliv og gjerne utdanning innan feltet
trivast ute
vere over 18 år og ha førarkort for personbil
evne å formidle munnleg godt på norsk, engelsk og gjerne tysk
evne å arbeide sjølvstendig og i samarbeide med andre
evne å sjå dei besøkande og formidle god informasjon
kunne arbeide både ved Norsk fjellsenter og i Klimapark 2469
Merk deg at bustaden for sommartilsette ligg i Lia, om lag eit kvarters køyretur frå Lom sentrum. Det er difor ein fordel om du disponerer bil sjølv. Frå sentrum og opp til Klimapark 2469 får du køyre jobbilen i lag med dei andre tilsette.
Lurar du på noko? Kontakt dagleg leiar Mai Bakken på telefon: 97 18 04 69 eller e-post: mai@norskfjellsenter.no.
Søknad med CV sendast innan 23. februar 2025 til Norsk Fjellmuseum, Brubakken 2, 2686 Lom, eller på e-post til mai@norskfjellsenter.no.
Er du mellom 16 og 18 år og ynskjer sommarjobb i Lom?
Norsk fjellsenter søkjer lokal ungdom til resepsjonistjobb.
Arbeidet består blant anna av betening av kasse og butikk, samt enkelt reinhald av publikumsområda. Å hjelpe tilreisande med tur- og aktivitetstips er ei sentral oppgåve. Du bør difor vere komfortabel med å snakke engelsk. Er du interessert i natur, friluftsliv og/eller historie, er det ein fordel. Høgsesongen er frå slutten av juni til midt i august, men det er også moglegheit for jobbing i helger på våren i mai og juni, og utover hausten i september og oktober.
Send ein søknad til dagleg leiar Mai Bakken på e-post: mai@norskfjellsenter.no så fort som råd.