ein link mellom forsking og redning
Eit unikt samarbeid mellom friviljuge og offentlege instansar gjer at liv blir redda i fjella kvart år. Men korleis blir samarbeidet og kunnskapen dokumentert og delt? Kven tek ansvar for at ny forsking når ut til friviljuge? Og kven tek initiativ til ny forsking?
Nasjonalt komeptansesenter for fjellredning er plassen der primærberedskap i kommunane, redningsorganisasjonane, forskings- og utdanningsinstitusjonane og oppdragsgjevarar møtast. Gjennom forsking på erfaring og behov vil vi gjere samfunnet betre førebudd på eit tøffare klima.
Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning er støtta av Lom kommune og er inne i ei oppbygginsfase etter eit toårig forprosjekt. Forprosjektet var støtta av Innlandet fylkeskommune, Lom kommune, Universitetet i Stavanger (UiS), Fjellbanken|Sparebank 1 Lom og Skjåk og Sognefjellshytta.
Med base ved Norsk fjellsenter i Lom, er vi tett på fjella og ein god arena som øvestad og samlingsplass for alle som driv med redning – friviljugt og profesjonelt.
Les meir om Nasjonalt kompetansesenter fjellredning her: Kompetansesenter Fjellredning
Les forskingsrapportar om fjellredning
Her kan du laste ned og lese rapportar om mellom anna fjellredningsoppdrag, snøskredaksjonar, klimarisiko i Jotunheimen, skred mot vegnett og teknologisk utstyr brukt i fjellredning:
Last ned :: Kompetansesenter Fjellredning