Oppskrift // Heidrun sitt vikingbrød
Ingrediensar:
1 kg byggmjøl
1/2 kg speltmjøl
1 liter kulturmjølk
2 ss honning
Urter etter smak - Vikingane nytta mellom anna kjørvel, karve, oregano og kvitlauk
slik gjer du:
Bland saman ingrediensane. Tilpass mengda mjøl til passe deig. La deigen kvile over natta.
Kjevle, eller klapp deigen ut til flate rundingar som ein mini-pizza. Steik dei på både sider i tørr steikepanne, eller båltakke over bål.
Smakar ekstra godt med tørka kjøt av rein eller spekemat og smør.
Oppskrift // Joar sin vikingdrikk
ingrediensar:
5 dl ville bringebær
1 dl granskot
saften av ein sitron
130 g sukker
1,5 l vatn
slik gjer du:
Kok opp vatn og sukker. Tilsett granskota og kok opp att. Rør godt og knus granskota litt. Sett kjelen til sides. Tilsett bringebæra og la alt kvile over natta. Dagen etter tilsett du saften frå ein sitron. Sil så blandinga gjennom eit finmaska klede. Oppbevaras kjøleg eller i frysaren.