20 vintre med Barske Glæder!
“Naturen som leikeplass” er tema for dagen. Sidan 2004 har femteklassingar frå Vågå, Lom og Skjåk teke turen til Presthaugen i mars for å leike og lære; lassokasting, sanseløype, bålfyring, skyting med pil og boge, og matpause på reinskinn med sveler steikt over bålet.
Vi samarbeider med Lom Fjellstyre og Norsk Villreinsenter under Barske Glæder.
Tusen takk til Fjellbanken/Sparebank1 Lom og Skjåk for støtte til å gjennomføre arrangementet!