Norsk fjellsenter

Læshøe eller eventyrisen

Kari Sveen er nasjonalparkforvaltar for Jotunheimen. Ho tek gjerne turen opp frå Lom sentrum til Nonshaugen og Læshøe, men ho anbefaler også ein tur til Eventyrisen i Svellnosbreen. 

Kvar tek du turen dersom du skal gå frå sentrum?
- Den enkle turen min i gangavstand frå Lom sentrum går til Nonshaug og Læshøe, fortel Kari. Det er bratt, men for ein utsikt når du kjem opp! Frå her ser du rett inn i Breheimen og Reinheimen, og litt lengre unna ser du toppane i Jotunheimen.

Den finaste turen Kari veit, er likevel turen i Svellnosbreen:
- Breen fortener fullt ut namnet Eventyrisen. Her treng du breførar, men det kan ordnast ved å ta kontakt med Spiterstulen eller andre breførarar. Frå Spiterstulen går vi bratt oppover moreneryggen, der issoleia klamrar seg fast i grusen. Ved brefallet passar det med ein pust i bakken og kaffepause før ein tek på sele, stegjern og finn plassen sin i tauet. Vandringa går inn i isen, gjennom bresprekkar og mellom istårn. Du må klatre og smyge deg fram, og du gløymer verda rundt deg inne i det blå isslottet. For ungar kan det minne om å vera Karius eller Baktus mellom store kvite tenner! seier Kari.