Back to All Events

SKREDKVELD // Trygg på tur i vinterfjellet

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Arrangementet er no fullteikna. Har du ikkje meldt deg på ved å sende sms til Anita, er det dessverre fullt.

Drøymer du om å gå dei høgste tindane på ski? Kanskje du trivst best i oppkøyrte skiløyper fordi du er litt usikker på kva som er skredterreng? Eller er du ein nyfrelst høkkar? Tenkt på at du bør friske opp gamal kunnskap før vintersesongen?

Ta med ein venn, mor di eller naboen og bli med på skredkveld!

Skredkvelden passar for deg som ynskjer gode opplevingar i vinterfjellet, om det er på fjellski, randoné eller rattkjelke. Erfarne, lokale fjellførarar gir deg dei viktigaste verktøya for å planlegge og gjennomføre ein trygg tur. Få nyttige tips, bli gira på å lære meir og bli inspirert til å kome deg ut i vinter.

Tips: Kvelden avsluttast med ei runde Kahoot og den som scorar høgast får premie, så det gjeld å følge godt med!

PÅMELDING: Vi byr på pizza og kake og må vite akkurat kor mange som kjem. Meld deg på ved å sende ein sms til Anita (DNT) på mobilnummer — seinast søndag 17. november.

Grunna stor interesse må vi sette eit tak på maks. 80 plassar.

Gratis inngang og gratis mat. Hugs påmelding!

Dørene opnar kl. 18.00 og foredraget startar 18.30 på Norsk fjellsenter.

Skredkvelden er arrangert av DNT Gudbrandsdalen og Norsk fjellsenter, i samarbeid med Fyrst og Fremst/Iver Lund Aakre og 500fjell/Sondre Kvambekk.