Gudbrandsdalsmusea saman med Villreinarven og Norsk fjellsenter arrangerer tre føredrag med Reidar Andersen om den nye boka hans Den lange reisen.
Gjennom meir enn 500 000 år har store flokkar av vandrande rein halde liv i menneska når veret var som tøffast. Eit titals gonger pressar kulde og brear menneska saman i små istidsrefugiar, og kvar gong er det reinen som blir fortæra i lyset av flammande bål.
I dag trugar ei stadig varmare klode og tap av leveområde til at reinen i dag står i fare for å forsvinne heilt. Nå er det den som treng hjelp frå menneska. Det er tid for rollebyte i fjellet.
Menneske og rein er som organismar flest. Dei kan reagere på endringar i miljøforhold på tre ulike måtar; dei kan bevege seg til nye område, tilpasse seg dei nye miljøforholda eller døy. Historia om menneska og reinen inneheld døme på alle desse.
Den første reinsjegeren vil i iveren etter å tilpasse seg miljøforholda utslette seg sjølv, men gi opphav til to nye artar reinjegerar. Den eine – neandertalaren - vil ikkje greie å tilpasse seg miljøforholda, og døyr. Den andre – det moderne menneske - vil ikkje bere tilpasse seg miljøforholda, den vil i stor grad også endre miljøforholda.
Det er det dei neste 500 000 åra vil handle om – og det er det dette foredraget handlar om.
Reidar Andersen, fødd 1953 i Namsos, bur i Trondheim og har vore professor i biologi ved NTNU, direktør for Statens naturoppsyn, og direktør for NTNU Vitenskapsmuseet. Han har skrive ei rekkje populærvitskaplege bøker med naturfagleg tematikk.
Dørene opnar kl. 18.30 og foredraget startar kl. 19.00.
Arrangementet er gratis.
Foredraget kan du høyre her:
Tysdag 11.februar: Lesja bygdemuseum / Lesja
Onsdag 12. februar: Norsk fjellsenter / Lom
Torsdag 13. februar: Dale Gudbrands- gard / Sør-Fron
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea, Norsk fjellsenter og Villreinarven.